Vestlandsutstillingen 2019 – Vi er stedene

Vestlandsutstillingen 2019 – «Vi er stedene» opnar i Haugesund Billedgalleri fredag 22. mars kl. 18:00. Me ønsker velkomen til ei utstilling med kunstverk laga av 35 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Dei har laga kunst her vakse opp, levd og tileigna seg andre sterke band til landsdelen. Utstillingen vert opna av kurator Marte Danielsen Jølbo. Alle hjarteleg velkomen!

Presentasjonen tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner den i dag. Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

«Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem. Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?»

– Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knyttar kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan være ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon.

Til Haugesund Billedgalleri vert det presentert to stadspesifikke verk av høvesvis Hans Edward Hammonds og Jiska Huizing. Hammonds, som opprinneleg kjem frå Stavanger presenterer eit nytt medlem i en serie lydskulpturar som handlar om tilhøvet mellom menneske og natur. For himmelen og det grå er eit kunstverk for regnet, sjølve vestlandsveret, det er laga for Haugesund, og meir spesifikt plassen framom Haugesund Billedgalleri. Her kan ein finne berg, stein, tre, jarn, betong, glas, roser, buskar og anna planteliv. Ein grasplen rullar over formene til berget og trerøtene som ligg rett under overflata, samstundes som grasplenen er flata ut til fordel for oss menneske. På denne vesle og innhaldsrike plassen vil ein finne Hammonds sin lydskulptur der regnet spelar saman med en rekkje materialar i utstillingsperioden.

Det andre stadspesifikke verket er eit lydverk av den nederlandske kunstnaren Jiska Huizing. Huizing sitt lydverk er basert på lyd ho tok opp i Haugesund i oktober 2018. Medan ho gjekk tur i utkanten av byen vart ho klar over nokre store steinar som såg ut til å forme ei trapp opp langs sida av ei elv. For kvart skritt ho tok på steinane endra lyden frå elva seg – ikkje berre gradvis, men drastisk. Alt i landskapet påverkar og formar lydane me høyrer. Huizing prøver å vere medviten om dette når ho gjer sine feltopptak, og ho brukar inntrykka aktivt i komposisjonen av det ferdige lydverket.

Kunstnarar med lokal tilhøyrsle til Rogaland er Agnes Btffn, Anette Gellein, Anna Ihle, Hans Edward Hammonds, Kenneth Varpe, Kristin Velle-George, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Utstillinga står fram til 21. april.

Tusen takk til Rogaland Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Hordaland Fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord, Kulturrådet, Stiftelsen Kjell Holm og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Deltakande kunstnarar:

Gruppeutstilling:

Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Stadspesifikke verk:

Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger), Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri),        

Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane Kunstmuseum)

Publikasjon:

Agnes Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust, Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *