sal 1 og sal 2

Kurator

Heidi Rødstøl

Kunstnarar

Victor Guzman, Robert Carter, Karl Ingar Røys, Daniela Bergschneider, Grethe Unstad, Kristine Sandøy, Masoud Alireza, Klara Sofie Ludvigsen, Christopher Jonassen, Bent Erik Myrvoll, Vilde Salhus Røed, Eleonore Griveau, Marit Helen Akslen, Magnhild Opdøl

Utstillingstekst (utdrag)

«Når kunst blir til, er det i kraft av å vere ei djupt personleg grunnforsking i korleis kunstnaren ser og fortolkar verda og menneskelege erfaringar. Det er også her vi som åskodarar kan erfare kunsten, det er eit møte, ein observasjon og ein invitasjon til å sjå eller sanse gjennom kunstnaren si visuelle utsegn. Forslag og tesar vi i ulik grad kan kjenne oss att i. Nyansar og perspektiv som skaper ny meining eller utfordrar det vi kanskje tek for gitt. Slik kan ein sjå ein likskap mellom kunsten og grunnforskinga innafor andre fagfelt der den kulturelle grunngjevinga vert fundert i at ho gjev oss ny kunnskap om oss sjølve og omgjevnadene våre og slik bidreg til å utvikle kulturen og samfunnet vårt.» (Heidi Rødstøl)

Kurator Heidi Rødstøl oppmodar deg til å møte kunsten med deg sjølv, ditt blikk og dine eigne refleksjonar. Velkomen inn! 

Utstillinga står fram til 30. april 2023.

Tusen takk til Rogaland Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Vestland fylke for støtte til utstillinga.

//

Om kurator

Heidi Rødstøl ( f. 1973 ) er kurator for Vestlandsutstillingen 2023. Ho er biletkunstnar, konsulent og kurator basert på Åfarnes i Møre og Romsdal. Rødstøl har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. avdeling kunstakademiet. I den kunstnarlege praksisen sin interesserer Rødstøl seg for rom, og korleis relasjonar i rommet vert sansa og fortolka. Dette har resultert i ulike seriar av arbeid der ho utforskar og undersøkjer spesifikke situasjonar gjennom tredimensjonale teikningar, måleri, installasjonar og foto. Rødstøl har hatt ei rekkje oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar for kunst i offentlege rom, og har vore juryleiar for Nordnorsken i 2018. Ho har vore knytt til Kunstfagskulen i Ålesund, der ho mellom anna har undervist i 3D og romleg kunst.

//

Om Vestlandsutstillingen

Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har heilt sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnarorganisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1-3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise frem samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena ut mot resten av landet.

illustrasjon: Oriri_2022, foto Daniela Bergschneider